Kvifor er det trygt?

· Christer Lundberg Nes

Spektakulære bilde og flott køyring inspirerer mange av oss til å køyre bratte linjer. Men køyring i slikt skredutsett terreng krev god kjennskap til prosessane i snøen og grundig vurdering av skredfaren gjennom heile fjellsida ein vil køyre.
Spektakulære bilde og flott køyring inspirerer mange av oss til å køyre bratte linjer. Men køyring i slikt skredutsett terreng krev god kjennskap til prosessane i snøen og grundig vurdering av skredfaren gjennom heile fjellsida ein vil køyre. Foto: Håvard Myklebust / "Skikompis"

Vi har visst kor bratt det må vere for å løyse ut eit flakskred i over hundre år. Likevel lærer vi framleis noko nytt om korleis det skjer. Den nye utgåva av Skikompis prøvar å samle og formidle på norsk det aller siste i skredfaget frå inn- og utland.

På midten av 1990-talet kom eg ned frå det eg trudde var ei førstenedkøyring nær Sæbø i Ørsta. Då eg kom ned att til bilvegen nede i dalen møtte eg ein bonde på traktor. Han kunne fortelje at ein slektning hadde køyrt ned på same staden på midten av 1950-talet.

Det sette ting i perspektiv. På Sunnmøre finst det taumski frå rundt 1880-talet: lange, breie og med utsving, breiast på midten. Dei er laga for laussnø, omtrent 120 år før Shane McConkey lanserte Volant Spatula og gjorde feite ski til eit globalt fenomen. Bratt skikøyring i skredfarleg terreng er ikkje noko vi fann på i går.

Skredfaget har også ei lang historie. I 1956 kom boka Respekt for fjellet, der nokre av råda om skredfare og ferdsel er like gode den dag i dag, medan andre råd er ikkje er så gode basert på dagens kunnskap. Dei siste åra har ultrarapide filmopptak av skred og nye snøundersøkingar gitt oss kunnskap vi ikkje hadde før.

Difor kjem Skikompis no i 4. utgåve. Det er den største faglege revisjonen av boka sidan første utgåve kom i 2013.

SkikompisNy utgave499,00 krSe boka

Eitt spørsmål betyr meir enn alle reglar

I 2020-åra har Markus Landrø forska på kor gode avgjerder vi tek i skredterreng. Slik eg les funna hans, har avgjerder som berre bygger på regelbaserte modellar klare svakheiter. Det fungerer betre å ta analytiske og kunnskapsbaserte avgjerder, så sant folk har fått rett opplæring.

Det høyrest tungt ut, men i praksis handlar det om noko ganske enkelt: Du set ord på det du ser av terreng, snø og folka rundt deg, og du deler det med dei du er på tur med. Det viktigaste du kan gjere for å auke tryggleiken, er å kunne svare godt på eitt spørsmål:

Kvifor er det trygt?

Bildet viser Fingersida etter ein skredsyklus i mai 2020.
Bildet viser Fingersida etter ein skredsyklus i mai 2020. Foto: Christer Lundberg Nes / "Skikompis"

Forskinga til Landrø viser til det som har vore kjerna i Skikompis heilt frå starten. Tittelen viser nettopp til det at dei beste vurderingane blir gjorde saman med andre. Når du må forklare skikompisen kvifor du meiner henget er trygt, må du observere og sette ord på det du ser. Dette gir ei bevisstgjering som gjer at du legg merke til enda meir av forholda rundt deg. Og dersom du ikkje klarar å svare på spørsmålet, har du truleg fått det viktigaste svaret og du bør snu eller finne ei alternativ rute. Skikompisboka har mange tips og illustrasjonar på observasjonar og kjapptestar for å hjelpe deg til å få fleire og best mogleg knaggar til å kunne sette ord på snø og forhold.

Flaket er like viktig som det svake laget

I mange år har mykje av skredundervisninga handla om det svake laget. Vi har grave profilar, funne begerkrystallar, kantkorn og rim, og vurdert om laget kan kollapse. Det er framleis viktig. Men nyare forsking, ikkje minst samla av den amerikanske skredforskaren Karl Birkeland i boka The Starting Zone (2025), saman med arbeid frå mellom andre Bruce Jamieson, viser at flaket som ligg oppå er minst like avgjerande.

Forklaringa går omtrent slik. Når du køyrer inn i eit heng, bøyer du flaket. Dersom flaket har rette eigenskapar, får du ein kollaps i det svake laget under deg. Det som avgjer om det skjer noko meir, er størrelsen på denne kollapsen. Den minste størrelsen som må til før brotet blir sjølvgåande, blir kalla kritisk brotlengde. Den kan vere alt frå nokre centimeter til opp mot ein meter.

Er kollapsen stor nok, spreier brotet seg utover i alle retningar. På flat mark stoppar det ofte av seg sjølv etter nokre meter. Men i bratt terreng skjer noko dramatisk. Når brotet har nådd tre–fem meter, får tyngdekrafta tak i snøvekta i flaket. Brotet går då over i det forskarane kallar supershear mode, og spreier seg lynraskt til ytterkantane av flaket. Flaket slit seg laus langs brotkanten øvst, sidekantane og den såkalla stauchwall nedst, og går ut som eit skred.

Flaket må vere akkurat passe. Er det for mjukt, sprekk det opp og stoppar brotet. Er det for hardt, fordeler det vekta di så godt at det svake laget toler belastninga. 

Det ubehagelege poenget er at flaket varierer i terrenget. Over ein rygg, ved ein stein eller i ei renne kan det vere tynnare, mjukare eller hardare enn nokre meter bortanfor. Denne romlege variasjonen har vi i dag ingen verktøy for å kartlegge. Konklusjonen i boka er difor tredelt. Du kan og bør bli god til å vurdere svake lag. Du kan og bør bli god til å vurdere om det ligg eit fastare flak oppå. Og du må akseptere at det alltid vil vere ein restrisiko når du vurderer snø. Den største gevinsten i tryggleik får du framleis gjennom gode terrengval.

Skred-drage og skredproblem

Ulike skred-dragar har ulike eigenskapar, men det positive er at du finn dei på bestemte plassar i terrenget og under bestemte forhold. Du må lære deg korleis du kjenner igjen dei ulike dragane og best kan unngå dei.
Ulike skred-dragar har ulike eigenskapar, men det positive er at du finn dei på bestemte plassar i terrenget og under bestemte forhold. Du må lære deg korleis du kjenner igjen dei ulike dragane og best kan unngå dei. Illustrasjon: Joar Christoffersen / “Skikompis”

Snø er eit komplekst materiale i eit samansett terreng. Snø blir påverka av inn- og utstråling, temperatur, vind og ulike typar nedbør. Det er mykje å halde styr på. Difor har eg i den nye utgåva tatt inn eit bilde eg sjølv har hatt stor nytte av: skred-dragen.

Skred-dragane kjem frå Doug Fesler, ein av forfattarane bak klassikaren Snow Sense. Hovudbodskapen hans var at snøskred skjer på bestemte plassar og under bestemte forhold. Skred-dragane er skumle og uføreseielege, men dei finst ikkje overalt. Det finst ulike typar dragar, og kvar av dei har sine vanar.

Nysnødragen kjem når det har kome mykje snø på kort tid. Fokksnødragen dukkar opp når vinden flyttar laus snø og legg han i lesidene. Krystalldragen blir fødd i lange kuldeperiodar og stjerneklare netter, der svake lag bygger seg opp i snødekket. Og mildvêrsdragen vaknar når temperaturen stig, eller når det regnar på snø.

For kvar drage kan du stille dei same fire spørsmåla. Kva slags drage har vi å gjere med? Kvar i terrenget ligg han? Kva gir han mat og gjer han større? Og kva skal til for å vekke han, er det oss, eller vaknar han av seg sjølv?

Fesler brukte truleg bilde med dragane før omgrepet skredproblem kom i bruk i skredvarslinga i USA og Europa. I dag er det skredproblem som skildrar kva forhold og stadar som er mest utsett som du finn i skredvarselet på varsom.no. Skredproblem saman med forklaringane i varselet gir svært god informasjon om forholda i eit varslingsområde, men kan vere litt tekniske i omgrep og formidling. Skikompisboka fortel om skredproblema som vert nytta i skredvarslinga og gir deg bakgrunnskunnskap om vêr og snø for å gje deg betre forståing av omgrepa og språket som vert nytta.

Dragane er ein måte å gjere skredproblema meir levande på, og gir eit tilleggsverktøy for å snakke om forholda på tur med skikompisen.

Ei eiga klasse for det ekstreme

Då ATES vart introdusert i Noreg, og seinare omsett av NVE til KAST – klassifisering av skredterreng, gav det meg ei skikkeleg aha-oppleving. Plutseleg fekk eg eit rammeverk der heile Skikompis-tilnærminga passa inn, som hand i hanske. Boka er bygd opp etter fem ferdselsmønster, frå turlangrenn utan skredterreng til dei mest krevjande linjene. Du treng meir kunnskap og erfaring dess meir krevjande terreng du ferdast i.

Svakheita med den første terrengklassifiseringa var at klasse 3, komplekst terreng, var svært romsleg. Ho rømde alt frå relativt greie, men skredutsette fjellsider til svært bratt terreng. Når så mykje hamna i same klasse, vart det eit dårlegare verktøy, til dømes i guidebøker.

I den reviderte versjonen, ATES/KAST versjon 2, er det difor lagt til ei ny klasse: terrengklasse 4, ekstremt terreng. Det er terreng dominert av hellingar brattare enn 45 grader, ofte med klipper og renner. Her kan sjølv eit lite skred eller eit fall få fatale følgjer. Den nye utgåva av Skikompis har fått eit heilt nytt kapittel om ferdsel i slikt terreng.

Snøen lever eit anna liv i så bratt terreng. Han blir meir påverka av tyngdekraft og lokal vind. Snørutsjer og laussnøskred går ofte, og knar snødekket slik at det sjeldnare blir store område med vedvarande svake lag. Men i dei urørte sideflankane av ei renne kan slike lag framleis ligge intakte, og fokksnøen er nesten alltid til stades.

Det finst ingen snarvegar her. Det viktigaste rådet er å nærme seg ekstremt terreng med audmjukskap og gjennom terrengprogresjon. Det vil seie at du startar i enklare terreng med låg konsekvens, samlar erfaring og oppdatert informasjon om dei lokale forholda, og berre gradvis går over til brattare linjer dersom forholda er gunstige.

Sjå, snakk, vel

Eg har prøvd å samle det viktigaste frå praktisk erfaring og frå dei beste fagmiljøa, i Noreg og ute i verda. Mykje er omsett frå engelsk og tysk. Oppsettet og ferdselsråda vil vere lette å kjenne att for dei som har lese tidlegare utgåver. Men alt fagstoff er oppdatert, og ATES/KAST versjon 2 ligg no til grunn for heile boka.

Skredfaget vil halde fram med å utvikle seg. Det vi veit i dag, kjem nokon til å forbetre i morgon. Men nokre ting står seg. Snøskred skjer på bestemte plassar og under bestemte forhold. Det er du og skikompisen din som står i henget og må vurdere forholda. Og før du set utfor, bør de saman kunne svare på spørsmålet:

Kvifor er det trygt?

SkikompisSnøskred og trygg ferdsel499,00 krSe boka