Velkommen til April.no - Vi feirer åpningen med gratis frakt!
  • Toppturer i Sunnfjord av Leif Kapstad – bokomslag
Bestselgere

Toppturer i Sunnfjord

av Leif Kapstad

79 toppturer i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster

Heftet · 344 sider På lager — sendes umiddelbart

Toppturer i Sunnfjord. Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest.

I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje mellom 137 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster.

Sunnfjord byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv.

Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter. Boka gir deg detaljerte opplysningar om vanskegrad, eksponeringsgrad, himmelretning, brattheit, stigning og fall for kvar topp og rute. Forfattarane har gått alle toppturane og samla detaljert informasjon for rutene, som etter GPS-sporing er teikna inn på kart og flyfoto.

I denne 2. utgåva får du også presentert Fri Flyt sin tur «Jølstravatnet rundt» - ein langtur over 4 dagar.

Forfatterne: Bak boka står ein gjeng lokale toppturentusiastar som kjenner fjella og forholda i Sunnfjord godt: Leif Kapstad, Sindre Hoff, Eli Skrede, Marie Havnen, Reidar Bakke, Brit Siv Fimland, Per Magne Bakke, Olav Sægrov, Anne Cecilie Kapstad og Torje Bjellaas.

Om boka

Format
Heftet
Sider
344
Utgitt
2021
Utgave
2. utgave
Språk
Nynorsk
Vekt
676 gram
Mål (H × B × T)
219 × 151 × 20 mm
ISBN
9788293090908
Forlag
April