Velkommen til April.no - Vi feirer åpningen med gratis frakt!
  • Toppturar i Sogn av Bjørnar Bjørhusdal – bokomslag

Toppturar i Sogn

av Bjørnar Bjørhusdal, Andreas Haslestad, Vegard Vereide

69 fjell i Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane

Heftet · 335 sider På lager — sendes umiddelbart

Toppturar i Sogn er ein skiførar til randonee-moro på 69 fjell i områda Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø.

Boka er delt inn i tre hovudområde. Sogndalsdalen og Fjærland er heimebana for det sterkt veksande skimiljøet i Sogndal og bygdene rundt. Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen, mest kjend for klatreklassikaren Store Skagastølstind. Mellom desse finn vi Jostedalen, det store og vide området ved Jostedalsbreen.

Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse tre områda. Alle turane er detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi. Boka er rikt illustrert med 160 turbilete i tillegg til flyfotografia. Toppturar i Sogn inneheld óg kapittel om skihistorie, skred, vêr og tips for turar på vårsnø.

Forfattere: Bjørnar Bjørhusdal, Andreas Haslestad og Vegard Vereide.

Om boka

Format
Heftet
Sider
335
Utgitt
2013
Utgave
1. utgave
Språk
Nynorsk
Vekt
660 gram
Mål (H × B × T)
220 × 152 × 22 mm
ISBN
9788293090175
Forlag
April